25 februar, 2007

Strandavisitt med trønderpreg!

Me e also so heldige me perane! Her kjeme kanaljane frå barteland rekande rett so d e, t perfekt tid; når me e på vei heim t fagre ulsteinvik - bere teiming ska en leite længe ette! å bere kvalitet på dei 17 timane d gjekk frå me traff dokke t me for frå stranda ska en leite lenge ette!

å meir heldige enn me tre pavelsperane va so fekk overnatte me syskjenban Cecilie pluss Stian å Tuva ska godt gjerast å vere! Stor og god gjestfridom!!

godt muli d kjeme meir rapporta frå åtgaumen me samkøyrde i låmene kring strandafjellet skisenter - for d va i sanning frævleiksbasert!

20 februar, 2007

Strandafjellet lokkar!

Puh! No kan eg endeleg puste ut! Påmeldinga til Strandaturen har gått av stabelen, og eg fekk plass - heldigvis! Då er det berre å fokusere på skulearbeidet som må til får å fortjene x antal dagar med sunnmørsk pudder. Ei oppgåve i pedagogikt, og ei i matemagikt...

Stranda, pudder, bobil, film, foto, snø, sol frå skyfri himmel, Hevsdalsheimen, gode vener - orda kling som musikk i mine øyrer!

18 februar, 2007

Pant


Denne helga har vore pant, rett og slett. Med tanke på ski sjølvsagt. Difor seier eg det. Sidan det stort sett er det som står i hovudet mitt for tida. Ski altså. Og pant. Pant seier du? Ja, pant. FOrdi eg må pante relativt mykje tid til oppgåveskriving. Pedagogikt kallar dei det. No forstår eg endeleg kvifor folk seier at dei kjenner på gikta. Det er pedagogikta det er snakk om!

Men frå spøk til revolvar, så har eg hatt ei bra helg trass panten! Eg har fått servert nydeleg middag to gongar, med påfylgjande speling i beste grimstingånd, og eg har sett film og vore på KRIK-messe. Har til og med lagt inn innlegg på bloggen med tittelen pant! Sært i seg sjølv... Tyder på lite motivasjon til anna meir vetugt arbeid... Roleg helg følest det som, men det har visst skjedd litt likevel. Eg har gitt kroppen den truleg naudsynte kvila den gav beskjed om at den trong, utan å verte heilt frisk på flekken slik eg skulle ynskje... Menmen - til fredag er eg nok frisk som ein fisk, klar for Strandafjellet, heimeliv og fagre Sunnmøre sin gode påverknad på alle vis!

16 februar, 2007

Styretur med KRIK - Hallingskeid 10.-11.2

10.-11. februar hadde me ein framifrå styretur til Hallingskeid der me fekk myldra kring vidare KRIK-drift, sveisa oss godt saman og nytt Guds fantastiske natur! Betre vêr enn laurdagen kunne by på skal ein leite lenge etter! Fleire bilete av sosial omgang og leik i snøen kan du skode her om du vil.




Eikedalen IGJEN! 9.2

Eikedalen lokkar- IGJEN!! Den gode perioda held fram, no med Eikedalen fredagen i same veka! Det gjeld å nytte høvet når det er gode tilhøve i Bregn og omegn, noko me har ei kjensle av å ha klart nokonlunde bra i det siste! Idag var vår kjære Hanne også med oss, i tillegg til kompis Anders. Rett triveleg hadde me det, både i låma og utanfor låma! Det er fleire bilete å skode frå denne turen og, om du trykkjer her!


Hybelkveld hjå Pavelsperane 7.2!

Aktiv periode for tida! Det gjeld å gi gass når ein kan, og det veit me pavelsperane å gjere!! Me var ferdig med store oppgåver kring den helga me var i Myrkdalen, og peiste på med ski torsdagen, som dykk kan skode under. Onsdag var det tid for stormvask av kåken, før me opna den fint pryda inngangsdøra vår for KRIK-allmugen. Storstas med nærare 60 godlynte lekamar på vitjing!

Her ser du nokre biletprov på hendinga, og fleire har du høve til å skode her om du vonar.

Eikedalen i HINSIDES fint ver!


Ei god skiperiode er i emning.. Myrdalen i helga, og no Eikedalen med ein liten gjeng på tirsdagen etter. Dei heldige perane og perinnene som fekk nyte pudder og blå himmel var oss tre pavelsperane pluss Kriss og Pæm - ein priviligert gjeng! Skod fleire bilete her!

KRIK-tur til Helgatun i Myrkdalen!


Me hadde ein framifrå tur, med mykje lått og løye! Skod bileta her.

19 desember, 2006

"Som ei dronning..."


"Som ei dronning millom møyar,
ut mot havet der i vest
ligg ho kransa av små øyar,
og i livd for storm og blest
I mot sør i bakkehellet,
kringom blenkjer våg og vik
og mot nord i ly av fjellet, der ligg bygda Ulsteinvik!"

Signa godt å vere heime på juleferie - det skal nytast til fulle! Signa julehøgtid og godt år til deg på din heimstad!

03 desember, 2006

Tobias på vitjing - Åtgaumsbasert helg!


Den hyppige bloggaren Magnus slår til! Det har vore ei innhaldsrik helg med min kjære bror på vitjing. Me har vitja Hanne Marte, vore på "jobbintervju"/synfaring og vore i Norkyrkja, i tillegg til alt det spanande du finn nedanfor. Vert å merke seg at Gollongen fekk seg jobb, så no er alt berre velstand for planane etter militæret, bortsett frå manglande kåk...

Fredag kveld var ein gjeng grimstingar/ulsteinvikingar med relasjonar samla heime hjå Siljus og kompani i Fyllingsveien 31 for å lage pepparkakehus og kome i julestemning! Det var i sanning gildt, og me fekk attpåtil godkjent Silje sin utkåra, Jostein, ved å grille han med meir eller enda meir seriøse spørsmål. Han vart kanskje litt skremd av oss, men ikkje meir enn at han framleis er på taalefot med oss,hehe;) Du var i sanning ein likandes kar, Jostein!

At pepparkaakehusgledja vart noko amputert "dagen derpå" grunna klimaet hjå kjeksene i Fyllingsveien 31, skal eg ikkje utdjupe noko nærare grunna fare for svekka julestemning, men du kan lese meir om det inntrufne på lekkjen over!

Elles hadde me jolebadl i Student-KRIK Bergen igår, noko som i sanning var ein fest! Årets "DanseFotBall" svarde til forventningane med eit innhaldsrikt program og god stemning. Legg ved nokre bilete, og viser til "Galleriet" på Student-KRIK Bergen sine sider om dykk ynskjer å skode meir.

Idag vakna eg smått utrulege 13.45(!) Herleg "dagen derpå";)

10 november, 2006

Oppdatering frå Maasen: KRIK, swing mm!


Jubel! Endeleg er KRIK T-skjortene her! Det gledar mitt KRIK-hjarte djupt og inderleg å endeleg få varene ut til folket. Biletglimta er henta frå swingkvelden torsdag der Steinar tok nokre herlege bilete til glede for alle som kjem innom "Galleriet" vårt på skb.krik.no Ta gjerne turen innom for å skode både det og alt anna som skjer i Student-KRIK Bergen!

Elles går livet godt her i Bregn. Eg har avslutta praksisen min for hausten. Det var 5 åtgaumsbaserte veker, henholdsvis fire på ungdomstrinnet (8. og 10. klasse) og ei i 2. klasse. Eg likte begge deler veldig godt, så no er eg open for å jobbe i heile grunnskulen, folkehøgskule - og eigentleg andre undervisningsinstansar også!

Ikveld kjem Kjell Øystein på vitjing for helga. Det vert triveleg! Tida framover vil verte litt meir prega av skule enn eg likar, med 14 oppgåver og eksamenslesing. Menmen, slik er livet som student - ei god blanding av moro og blodig alvor... ;)

 

-->